Startsida
Styret
Lokallag
Målrosprisen
Arkiv
Noregs Mållag
Innmeldingsskjema
Peikarar til ulike nynorsktiltak

MÅLROSPRISEN 2005

Prisen for 2005 vart delt ut til Magni Øvrebotten.

Uttrykket uredd, eller kanskje det sjeldsynte djerv høver best på Magni Øvrebotten. Uredd har ho gått i brodden for å laga ein fylkesradio med ein eigen identitet og ein eigen profil i Sogn og Fjordane, og djervt har ho fremja arbeidet for god medienynorsk og dialektbruk i radioen. Det var derfor ingen meir naturleg til å bli leiar for Nynorsk mediesenter enn nettopp ho. Og kanskje skal me tillata oss å bruka dei tre orda som mediesenteret sel seg med også på ho Magni: dyktig, frodig, framfus.

Eit døme på den djerve tonen er følgjande sitt frå ei dagsavis i Tigerstaden då Magni truga med å gå av viss redaktøren for NRK Sogn og Fjordane vart flytt til Bergen:

”Vi er et kontor som har levert langt over det som har vært forventa av oss i mange år, både til lokale sendinger, Dagsnytt og andre aktualitetsprogram. Den eneste feilen med oss er at vi kun er 107.000 mennesker i fylket. En kan godt si at vi blir litt forbanna, ja, sier Øvrebotten, og viser til den høyeste oppslutningen i landet.”

Tøff start i yrkeslivet, då ho som tenåring begynte hjå Gula-Per, Per Håland i Gula Tidend. Ein hard skule med ein satirisk sjef, men det vart både målmenneske og journalist av dama, og det har hange godt i heile tida sidan. Både målsaka og journalistikken er langt under huda hjå Magni, og kjem aldri derifrå. Dette ser me både frå tida då ho og mannen starta lokalbladet Dølaposten i Nord-Gudbrandsdalen og i dei mange åra som sjef for NRK Sogn og Fjordane.

Magni får målprisen for alt dette, men i dag spesielt for at ho har gått føre i den dugnadsgjengen som både har sikra redaktørkrakk framleis for NRK i Førde og fått oppretta Nynorsk Mediesenter. Det siste er eit storhende for nynorsken nasjonalt, og det er derfor ei ære å kunna få dela ut målrosprisen for 2005 til Magni Øvrebotten.

 

Oppdatert 03.04.2006 av Tor W. Eikemo