Startsida
Styret
Lokallag
Målrosprisen
Arkiv
Noregs Mållag
Innmeldingsskjema
Peikarar til ulike nynorsktiltak

MÅLROSPRISEN 2004

Prisen for 2004 vart delt ut til Gloppen opplæringssenter.

Målros for 2004 vert tildelt Gloppen opplærings-senterfor arbeidet med å utarbeida læreverket NynorskPluss.

Grunngjeving:
NynorskPluss er det fyrste læreverket på nynorsk som dekkjer heile opplæringsplanen "Norsk med samfunnsfagsopplæring for vaksne innvandrarar". For fyrste gong er det no mogeleg for vaksne innvandrarar å få den fyrste norskopplæringa si på nynorsk.

NynorskPluss er også det fyrste nettbaserte læreverket for vaksne innvandrarar. Læreverket vart lansert på Gloppen opplæringssenter på Sandane 11. mars 2003.

Sogn og Fjordane mållag ynskjer å visa at me set stor pris på at Gloppen opplæringssenter har gått føre i arbeidet med å gje vaksne innvandrarar høve til å få bruka nynorsk i norskopplæringa. Til no har dei ikkje hatt val – det einaste alternativet har vore bokmål. Det har ikkje vore krav om parallellutgåver av læreverk for denne gruppa. Nokre har kalla dette språkrasisme.

NynorskPluss gjer det no mogeleg å gje tilbod om norskopplæring på nynorsk. For innvandrarar som ynskjer å busetja seg i vårt fylke, er slik opplæring kanskje særleg aktuelt sidan nynorsk her er i bruk i grunnskuleopplæringa og i lokalaviser – og sidan dialektane ligg nær opp til nynorsk.

At også innvandrarar no får høve til å læra og bruka nynorsk, trur me er med på å ta vare på nynorsk som eit levande språk. Det er difor ei stor glede å gje Målros 2004 til Gloppen opplæringssenter v/Bjørg Sandal.

 

Oppdatert 03.04.2006 av Tor W. Eikemo