Målprisen 2010

Målprisen 2010 gjekk til Eli Kari Gjengedal

Biletet er henta frå nettsida til tv2underhaldning.no

Sogn og Fjordane Mållag hadde årsmøte på Skei 6. mars 2010.

Utanom vanlege årsmøtesaker var det utdeling av målpris til vêrdama på TV2, Eli Kari Gjengedal. Målprisen skal gå til ein person eller ei bedrift som utmerkar seg spesielt i bruk av nynorsk eller dialekt, og det gjer Eli Kari. Ho er ein god ambassadør og representerer fylket og kulturen vår på ein framifrå måte. Vi er stolte av ho. Prisen er ein innramma signert reproduksjon ”Susanna frå Sunnfjord” av Oddvar Torsheim.