Målprisen 2009

Målprisen 2009 gjekk til Balholm AS, Balestrand

Styreleiar i Balholm, Rune Haug, tar i mot prisen.

Sogn og Fjordane Mållag har gjeve målprisen 2009 til Balholm As. Utdelinga fann stad på årsmøtet til mållaget, laurdag 21. mars i Sogndal. Styreleiar i Balholm AS, Rune Haug, tok i mot prisen. Torleik Stegane delte ut prisen på vegner av mållaget. Han hadde vore ute og reist og møtt ”småsystrene” frå Balholm på Gardermoen. Han grunngav tildelinga mellom anna slik:

Kvart år deler SFM ut målprisen. Kvart år er det sjølvsagt hovudbry og diskusjonar i styret om verdige kandidatar. Ein tidlegare skrivar i Noregs Mållag, Olaf Almenningen lanserte for mange år sidan slagordet ”Nynorsk løner seg”.

I den seinste tida har vi sett og høyrt at Tine mjølk ikkje har særleg tru på slike slagord.

Men gjennom åra har vi fått fleire og fleire prov på at leiararar i næringslivet har oppdaga nettopp dette: At nynorsk løner seg. Språket vert lagt merkje til.

Når t. d. direktør Grov ved Alexandra i Loen lanserte frihelg i Loen framfor week-end i Loen med sprakande nynorsk i brosjyrer og heilsides avisannonser, fekk han respons og auka tilstrøyming. Mange andre hyggjelege døme kunne nemnast. Slik er næringslivet med på å auke toleransen for nynorsk og gjer at nynorskbrukarane slepp inn på område der vi i fyrste omgang vert oppfatta som framande.

 

No er det slik at ein får ikkje målprisen for å produsere økologisk juice/saft som smakar.

Nei, det var språket, marknadsføringa som sette meg på ideen. Flaska eg kjøpte på Gardermoen, informerte meg om innhald, produksjon og produksjonsstad på moderne nynorsk. Kanskje fortente desse tiltakssame folka frå Balestrand ein målpris? Vel heimkomen gjekk eg på nettet og fann det eg hadde vona på: Balholm marknadsfører seg på nynorsk, på god nynorsk.

Det vi og veit er at dei har fått mange prisar: Frå pioner-pris til BU-pris, for tiltaket, for produkta sine. No får dei målpris for språket sitt i handel og vandel.

Dermed er Balholm eitt av desse gode døma som gjer at nynorsken når ut til område som til no har vore framande. Jfr. vassholet på Gardermoen.

Frå Sogn og Fjordane Mållag vil vi seie: Balholm: Hald fram som de stemner!

Heile grunngjevinga til Torleik Stegane finn du her