Årsmøtet i Sogn og Fjordane Mållag 2009.

Sogn og Fjordane Mållag hadde årsmøte i Sogndal laurdag 21. mars. Årsmøtet starta med kulturinnslag ved Judith Vestreim – ho song og snakka om orda i folkesongen.
Etter kulturinnslaget var det utdeling av målpris for 2009. Styret hadde i år valt å gje prisen til Balholm AS, og styreleiar, Rune Haug, var til stades og tok i mot prisen.
Torleik Stegane delte ut prisen på vegner av styret og grunngav tildelinga.

Tor W. Eikemo hadde sagt i frå seg attval som leiar, og Hilde Yndestad Halland, Jølster vart vald til ny leiar.
Med seg i styret har ho: Torleik Stegane, Eikefjorden (ikkje på val), Berit Ekerbakke, Naustdal (ikkje på val) Magne Aardal, Jølster (ny) og Njål Ølmheim, Sogndal (ny).
Varafolk er: Ottar Wiik, Vik, Olin Johanne Henden , Gloppen og Anna Avdem, Lærdal.

Ny leiar: Hilde Yndestad Halland
Judith Vestreim
Rune Haug, styreleiar i Balholm, tar i mot målprisen
Marit Aakre Tennø takkar avtroppande leiar Tor W. Eikemo